Eg var litt spent.
Eg kjenner ein som seier han blir skremt av enkelte kvinner når dei er ute og handlar,dei trør så bestemt og målretta i veg.
Han ville nok blitt skremt av meg i dag.
Eg kjende berre kor eg vart meir og meir spent då eg kryssa gata ved bystasjonen og gjekk mot Lungegården.
Den er signert SNURRE!!!!!!!!!!

Eg registrerer at eg blir noko som liknar lykkelig over å sjå den signert SNURRE. Det får meg til å konstatere at eg er kanhende litt rar.
Denne SNURRE gjer meg lykkelig.
Gatekunstnerane i Bergen gjer meg lykkelig, for det er så fantastisk å ha dette utandørsgalleriet.
DOLK, STAG, SNURRE og iblant er STRØK/SLOBBEN her. Dei har så forskjellige uttrykk, og det gjer at dette store 'galleriet' byen vår er, blir så spennande.
2 kommentarer:
Denne snurre er genial. Faktisk så er han en af mine venner. Men nu bor han ikke i bergen mere, men i Århus.
Au, håper han besøker oss iblant.
Var det etter han flytte til Danmark han gjorde "Den lille havfrue"?
Hels han og sei takk for alle spor han har sett i Bergen!
Legg inn en kommentar