mandag 12. november 2007

'TENKEREN'

BERGEN 12.nov.2007.
Etter å ha registrert at 'Badminton' var signert SNURRE,var det ikkje overraskande at 'Tenkeren' og er signert SNURRE.

Takk SNURRE !

Og takk Svennvenn!! Det var du som tipsa meg om denne.

Auguste Rodin
- Wikipedia

'BADMINTON' ER SIGNERT

Endeleg i dag tok eg turen for å sjekke signaturen på stencilen under brua ved Lungegården. Eg fekk anonymt tips om at no var den signert, og i dag tok eg turen.
Eg var litt spent.
Eg kjenner ein som seier han blir skremt av enkelte kvinner når dei er ute og handlar,dei trør så bestemt og målretta i veg.
Han ville nok blitt skremt av meg i dag.
Eg kjende berre kor eg vart meir og meir spent då eg kryssa gata ved bystasjonen og gjekk mot Lungegården.

Den er signert SNURRE!!!!!!!!!!

BERGEN 12.nov.2007

Eg registrerer at eg blir noko som liknar lykkelig over å sjå den signert SNURRE. Det får meg til å konstatere at eg er kanhende litt rar.
Denne SNURRE gjer meg lykkelig.
Gatekunstnerane i Bergen gjer meg lykkelig, for det er så fantastisk å ha dette utandørsgalleriet.
DOLK, STAG, SNURRE og iblant er STRØK/SLOBBEN her. Dei har så forskjellige uttrykk, og det gjer at dette store 'galleriet' byen vår er, blir så spennande.