torsdag 13. november 2008

ARAM - Sart og vakkert i Kalvedalsveien

Denne jenta har stått lenge i Kalfaret.
Den er så sart og nydelig og eg har sett på den kvar gong eg har kjørt forbi med buss.
Først i går gjekk eg av bussen for å fotografere den før eg kom til sentrum.

HAVFRUA under Nye Nygårdsbro


Havfrua under Nye Nygårdsbro er usignert. Det er mulig det er fordi kunstnaren må ut i båt for å signere, eg veit ikkje.
Den er ihvertfall nydelig der ved vannflata under brua.

onsdag 12. november 2008

PØBEL i Lars Hilles gate






Det er mulig dei har stått der like lenge som desse, men det er ikkje lenge sidan eg såg dei for første gong.
Eg fann dei for ei tid sidan då eg skulle vise DOLK stencilen som står litt lenger borte på Bergen Kunstmuseum.

STREET STICKER

Bergen 12.nov.2008

Veit ikkje om eg heilt tok poenget her eg.

SNURRE under Nye Nygårdsbro


Denne har stått der lenge. Eg visste berre ikkje akkurat kor den var, men i dag då eg var på "havfruejakt" fann eg den.

torsdag 6. november 2008

STREET ART for STREET PAPERS

MEGAFON har samla gatekunst frå over 60 gatekunstnarar fra heile verden

utstilling i Bergen Kunsthall
10.nov.
fra kl.20.00 til kl.22.00

Deretter blir verka utstilt elektronisk på Landmark fram til 16.nov.

16.nov. kl.19.00 blir det AUKSJON



Inntektene av auksjonen skal gå til å arrangere konserten Street Noise.

Street Noise er et initiativ fra Megafon, i forbindelse med at verdskonferansen til INSP (The International Network of Street Papers) vert arrangert i Bergen i mai, 2009
Konserten vil bli et av arrangementa under denne konferansen, og overskotet vil gå til INSP (The International Network of Street Papers)


INSP

MEGAFON
BERGEN KUNSTHALL