lørdag 16. mai 2009

C215 i Skostredet, mai 2009








 











C215 i Østre Skostredet, Bergen mai 2009

 

 

 

 

 

C215 KRYDRAR GATENE I BERGEN

Den franske gatekunstnaren med signaturen C215 har besøkt Bergen, og vore svært generøs. Bergen er dekorert med mengder av små kunstverk.

Den første piecen eg viser fann eg i Kong Oscarsgate

 

 

C215 på MySpace

C215 på Flickr

C 215 – UTSTILLING I Østre skostredet

Skynda på hvis du vil ha med deg utstillinga i Østre skostredet 5.

Den står berre t.o.m 17.mai. Og du bør ikkje gå glipp av den!

tirsdag 13. januar 2009

OSCAR




Bergen, Damsgårdsveien 13.jan.2009

Det ergrar meg litt at eg ikkje fann denne før den vart så herpa.Den er ikkje signert, og eg har ikkje peiling på kven kunstnaren er.

torsdag 13. november 2008

ARAM - Sart og vakkert i Kalvedalsveien

Denne jenta har stått lenge i Kalfaret.
Den er så sart og nydelig og eg har sett på den kvar gong eg har kjørt forbi med buss.
Først i går gjekk eg av bussen for å fotografere den før eg kom til sentrum.

HAVFRUA under Nye Nygårdsbro


Havfrua under Nye Nygårdsbro er usignert. Det er mulig det er fordi kunstnaren må ut i båt for å signere, eg veit ikkje.
Den er ihvertfall nydelig der ved vannflata under brua.

onsdag 12. november 2008

PØBEL i Lars Hilles gate






Det er mulig dei har stått der like lenge som desse, men det er ikkje lenge sidan eg såg dei for første gong.
Eg fann dei for ei tid sidan då eg skulle vise DOLK stencilen som står litt lenger borte på Bergen Kunstmuseum.

STREET STICKER

Bergen 12.nov.2008

Veit ikkje om eg heilt tok poenget her eg.

SNURRE under Nye Nygårdsbro


Denne har stått der lenge. Eg visste berre ikkje akkurat kor den var, men i dag då eg var på "havfruejakt" fann eg den.

torsdag 6. november 2008

STREET ART for STREET PAPERS

MEGAFON har samla gatekunst frå over 60 gatekunstnarar fra heile verden

utstilling i Bergen Kunsthall
10.nov.
fra kl.20.00 til kl.22.00

Deretter blir verka utstilt elektronisk på Landmark fram til 16.nov.

16.nov. kl.19.00 blir det AUKSJON



Inntektene av auksjonen skal gå til å arrangere konserten Street Noise.

Street Noise er et initiativ fra Megafon, i forbindelse med at verdskonferansen til INSP (The International Network of Street Papers) vert arrangert i Bergen i mai, 2009
Konserten vil bli et av arrangementa under denne konferansen, og overskotet vil gå til INSP (The International Network of Street Papers)


INSP

MEGAFON
BERGEN KUNSTHALL

fredag 29. august 2008

STAVANGER: NUART 2008 - 04.SEPT - 05.OCT

Nuart er like om hjørnet. "...Femten av verdens beste gatekunstnere, vandaler og aktivister kommer til Stavanger..." står det i mailen eg fekk, og HER har eg lagt resten av informasjonen.

Nokon som skal til Stavanger?

søndag 27. juli 2008

STICKERS

Stickers ser eg ikkje veldig mange av i Bergen, men dei finst.




fredag 25. juli 2008

PØBEL??

Bergen, Norway 25.juli 2008.
Denne er usignert.Eg trur det kan vere ein PØBELstrek, men er slett ikkje sikker.

Red. 31.07.08
Svenn tipsa meg om dette bildet frå nuart 2007. Her er stencilen signert PØBEL, og rullestolen har Frp logo :)

onsdag 25. juni 2008

PØBEL I BERGEN

Eg har ikkje sett mange PØBEL stencils her i Bergen, så i går då eg fann desse presterte eg å utbryte:"Å gu' eg er glad for å sjå mykje PØBEL i by'n"



Bergen, Norway 24.juni 2008
Eg vart tipsa om den eine av desse.
Takk for tipset Ash!
Bergen juni 2008.
Trøtt av å hoppe på egne bein?
...eller klatre på ryggen til ein som går sakte for å kunne hoppe høgare?

LA OSS OMPA

Bergen, Norway 24.juni 2008

Wikipedia

Kaizers Orchestra Myspace

søndag 22. juni 2008

PØBEL

Pøbel på Hulen.

tirsdag 20. mai 2008

MIR


Bergen 16.mai 2008

Denne fann eg i smauet ved Hinsides.

torsdag 15. mai 2008

Nytt verk på "Huset ved sentralbadet"

Bergen april 2008
Dette høyrer vel strengt tatt til på Graffiti sida, men eg legg det her.Denne fann eg på huset ved sentralbadet no i vår. Det huset er så fint, og det var gøy å finne denne der.

Ballerinaen på Toves Dukkehus

Bergen mai 2008
Ballerinaen dansar fortsatt rundt i heile byen.

onsdag 9. april 2008

M-City




Bergen, Norway. April 2008

Eg anbefaler å ta ein kikk på m-city.org

søndag 27. januar 2008

VARMT BAD


Bergen Haukelandstunnellen 2007
Dette er ein usignert stencil fotografert i Haukelandstunnellen.

mandag 12. november 2007

'TENKEREN'

BERGEN 12.nov.2007.
Etter å ha registrert at 'Badminton' var signert SNURRE,var det ikkje overraskande at 'Tenkeren' og er signert SNURRE.

Takk SNURRE !

Og takk Svennvenn!! Det var du som tipsa meg om denne.

Auguste Rodin
- Wikipedia

'BADMINTON' ER SIGNERT

Endeleg i dag tok eg turen for å sjekke signaturen på stencilen under brua ved Lungegården. Eg fekk anonymt tips om at no var den signert, og i dag tok eg turen.
Eg var litt spent.
Eg kjenner ein som seier han blir skremt av enkelte kvinner når dei er ute og handlar,dei trør så bestemt og målretta i veg.
Han ville nok blitt skremt av meg i dag.
Eg kjende berre kor eg vart meir og meir spent då eg kryssa gata ved bystasjonen og gjekk mot Lungegården.

Den er signert SNURRE!!!!!!!!!!

BERGEN 12.nov.2007

Eg registrerer at eg blir noko som liknar lykkelig over å sjå den signert SNURRE. Det får meg til å konstatere at eg er kanhende litt rar.
Denne SNURRE gjer meg lykkelig.
Gatekunstnerane i Bergen gjer meg lykkelig, for det er så fantastisk å ha dette utandørsgalleriet.
DOLK, STAG, SNURRE og iblant er STRØK/SLOBBEN her. Dei har så forskjellige uttrykk, og det gjer at dette store 'galleriet' byen vår er, blir så spennande.

onsdag 24. oktober 2007

BALLERINAEN




BERGEN 24.okt.2007

Denne finst det mange variantar av rundt i Bergen.Den er litt søt synest eg, og den er alltid fint plassert.


Under ser du ein eg har fotografert i Nygårdsgaten. Då eg fotograferte den kom det ei jente bort til meg og fortalde at ho hadde sett på at den vart plassert på veggen.Det var ein gutt/mann som fekk opplæring i å male stencils av ein dyktig instruktør.