onsdag 24. oktober 2007

BALLERINAEN




BERGEN 24.okt.2007

Denne finst det mange variantar av rundt i Bergen.Den er litt søt synest eg, og den er alltid fint plassert.


Under ser du ein eg har fotografert i Nygårdsgaten. Då eg fotograferte den kom det ei jente bort til meg og fortalde at ho hadde sett på at den vart plassert på veggen.Det var ein gutt/mann som fekk opplæring i å male stencils av ein dyktig instruktør.

fredag 19. oktober 2007

??? SLOBBEN ???? STRØK ????

Eg oppdaga akkurat SLOBBEN. Det var eit nytt bekjentskap, og no blir eg passe usikker. Er SLOBBEN og STRØK samme kunstnar???
- Eller er dei to forskjellige kunsnerar? I tilfelle er det jo SLOBBEN som har laga det eg trudde var STRØK stencils.
Nei, eg trur dei er samme person. Eg vel å tru det inntil vidare.




Desse stencilane har eg vist i ein tidlegare post der dei var noko pynta på.
Eg måtte berre prøve å få dei til å sjå ut som dei må ha sett ut før dei fekk påteikna auger,munn...så eg tok dei ein omgang i PhotoStudio. Dette er jo juks, men, men...synest dei vart bra eg.

20.okt.
Visst er SLOBBEN og STRØK samme person.
Dette hadde eg ikkje fanari om.MEN, så har eg berre sett på STREETART 4 mndr. så eg kan jo berre fryde meg ved tanken på alt eg etterkvart skal oppdage :)

STRØK (nesten heilt sikkert)

Bergen, Øysteinsgate2007


Bergen,Nygårdshøyden. 2007

Synd at desse er så værbitte,for dei er ganske fine.
Desse har lege ganske lenge på harddisken og er blant dei eg tenkte kanhende var STRØK. No er eg temmeleg sikker på at det må vere STRØK.

onsdag 3. oktober 2007

Signert - SNURRE

Eg har for første gong sett stencils signert SNURRE. Det var eit hyggeleg "bekjentskap" og eg gler meg til å sjå meir frå denne kunstnaren.










Bergen 2.okt.2007

tirsdag 2. oktober 2007

BRUCE






Bergen 2.okt.2007
Desse fann eg ved Store Lungegårdavann. Det er ganske små stencils, og hadde egentlig fortent å ikkje stå som eit slikt strøbilde.
Under er foto av alle desse samla.



Badminton ;)



Bergen 2.okt. 2007.

Etter anonymt tips i posten under, fant eg denne under broa mellom bystasjonen og Store Lungegårdsvann. TAKK FOR TIPSET! Den er fin.

Dette er ein usignert Stencil, så kven er kunstnaren? Det kan vere DOLK, men neimen om eg er heilt sikker.