mandag 24. september 2007

PORTRETT - Bergen 20.sept.

FLEIRE FOTO





Er det nokon som veit kven som har laga desse?
Når eg ser på dei så kan det godt vere samme kunstnar som har laga alle tre.
Egentlig trur eg godt det kan vere WOWSER, men signerer ikkje han?
Det ergrar meg at dei ikkje kan lage ein signatur altså! Det er kjekkare å finne signerte stencils, men det er vel gjerne ikkje alle som har funne pseudonymet sitt enda.

lørdag 22. september 2007

Gatekunst i 'Puddefjordbrotrappa'




Bergen 20.sept.2007

DOLK & STRØK i 'Puddefjordbrotrappa'

Bergen 20.sept. 2007
DOLK 'Waitler'

Bergen 20.sept.2007
DOLK - 'Waitler' & STRØK 'Dirty'


Bergen 20.sept.2007
STRØK 'dirty'
FLEIRE FOTO

fredag 21. september 2007

Obey

Bergen 20.sept.2007

Blå mann i Professor Keysers gate






Bergen, Professor Keysersgate. 20.sept.2007
FLEIRE FOTO
Eg veit ikkje kven kunstnaren bak dette er. Eg har ein tendens til å tru det er STRØK når eg ser noko eg synest er bra, men ikkje veit kven som har laga.Eg skal leggje inn nokre fleire av den typen i link hit.
Er det nokon som kjenner kunstnarnavnet er det veldig fint om du legg inn ein kommentar :)

lørdag 8. september 2007

NUART NORWAY festival i Stavanger.

NUART NORWAY festivalen føregår i Stavanger i desse dagar. Frå 6.sept. til 4.nov. 2007.
Eg er ørlite misunneleg på dykk no. Lista over spennande gatekunstnerar er lang.
DOLK Lundgren er blant dei norske gatekunstnerane som besøkjer Stavanger.DOLK er svært populær her i Bergen, og har og eit navn ute i Europa.

DOLK - 'Bleeding heart'

Stavanger får og besøk av andre norske gatekunstnerar/street artists;
MIR, PØBEL..
Svenske SIXTEN besøkjer Stavanger,
gatekunstnerar frå USA
Britiske Tristan Manco, Arofish
I september og fram til 4.nov. kjem det til å skje mykje spennande både innandørs og ute i Stavanger, så Siddisar ikkje la dette gå frå dykk utan å snuse litt på kva som skjer i byen under NUART NORWAY festivalen.
Eg finn lite informasjon om kva som skal føregå etter denne første veka. Er det nokon som kjenner til om det finst eit program for dei neste vekene?

LEGG GJERNE INN KOMMENTARAR HER dersom du besøkjer festivalen.Eller send ein mail til tone.aakra(at)gmail.com

torsdag 6. september 2007

Stickrs


Bergen 10 aug. 2007

Eg ser ikkje mykje Stickrs i Bergen.
Kanhende skal vi vera glad for at byen ikkje flommer over av Stickrs, for når vi snakkar om forsøpling, ja så vil eg sei eit område ber meir preg av forsøpling når vi ser vegger fulle av oppklistra papir enn av skrifta direkte på veggen.
Og, på samme tid er det litt artig med stickrs - når vi ser på dei.
Vi må rekne med å sjå meir og meir stickrs her i by'n og. Blir det slik, ja så skal eg sjå på dei i staden for å irritere meg.

onsdag 5. september 2007

'Kvinnehistorisk natt'

Eg hadde ikkje høyrt om 'Kvinnehistorisk natt' før eg i sommar såg desse under Smørsbroen. No har dei forsvunne sammen med Friele.


Det eg har funne av informasjon om 'Kvinnehistorisk natt' er at det var eit arrangement som gjekk av stabelen ei natt i mai der oppfordringa var å bruke natta til å fylle Bergens gater med kvinnelege heltar.
Blant heltane var Patti Smith og Astrid Lindgren, Frida Kahlo, Sophie Scholl...Judith Buthler...og mange fleire.
FLEIRE FOTO

mandag 3. september 2007

DOLK - Mona Lisa


Bergen,Magnus Barfotsgate 30.aug.2007

Denne leita eg som besatt etter ein periode. Ikkje fordi det er av DOLK's beste, for det er den ikkje, eg måtte berre ha den. Eg var sikker på at den var i Sverresgate eller Sigurdsgate. Der fann eg den ikkje, men då eg leita etter Mona Lisa utan å finne henne, fann eg mange andre stencils. Det eg fann var WOWSER og MIR.

søndag 2. september 2007